Seminar og konsert med The Brazz Brothers

Seminar og konsert med The Brazz Brothers

Som ein del av 50-års jubileet til Valldal skulekorps inviterte vi helga 8.-9.desember 2018 musikantar og aspirantar frå alle nabokorpsa til vere med på seminar og konsert med sjølvaste The Brazz Brothers. Dette vart ei stor oppleving både for seminardeltakarane og publikum som hadde møtt fram på konserten for å høyre brass brørne spele ei eiga avdeling og ei forrykande avslutning saman med musikantar og aspirantar. Dette gav ei solid dose inspirasjon til å halde fram å spele!

2019-03-11T14:22:49+00:00