Om oss2024-02-05T18:20:38+00:00

Om Valldal skulekorps

Valldal skulekorps er eit janitsjarkorps med drilltropp frå sjølvaste jordbærbygda Valldal på Sunnmøre. Kommunen vår, Fjord kommune, er definitivt ein korpskommune med heile fem korps som tel nærare 110 aktive korpsmedlemmar av totalt 2600 innbyggjarar.

Valldal skulekorps vart stifta i 1968 og har 35 medlemmar inklusiv drilltropp, aspirantar og støttemedlemmar.

Valldal skulekorps sin visjon er musikalsk utvikling og speleglede for alle. Korpset øver kvar måndag i kultursalen og idrettshallen på det flotte Martin Linge-huset i Valldal, og rekrutterer medlemmar frå bygdene Valldal, Fjørå, Tafjord og Liabygda.

Erling Skorpen er dirigent og Emma Sofie Nybråten er drillinstruktør.

Arrangement

Korpset arrangerer konsertar og seminar, deltek på konkurransar  og reiser på turar, både innanlands og i utlandet. Dei siste åra har vi deltatt på Rocka Musikkstemne på Nordfjordeid, Sommarlandfestivalen i Bø,  Averøyfestivalen og vore på utlandstur til Gdansk i Polen.

I 2017 arrangerte vi Korpsfestivalldal med nærare 700 deltakarar jonsokhelga i juni. Vi har sett oss som mål å arrangere Korpsfestivalldal kvart 3.år.

Komande arrangement finn du i arrangementskalenderen vår

Styreleiar

  • Håkon Myklebust, tlf 402 14 599

Styremedlem

  • Nestleiar: Marita Rønneberg

  • Kasserar: Bente Elisabeth Skarbø

  • Arrangementsnemndleiar: Cathrine Berli

  • Skrivar: Mari Agathe Hatlestad

  • Drillansvarleg: Lene Nybråten

  • Møtande varamedlem og leiar materialforvaltning: Nora Døving