Slik blir du med i Valldal skulekorps2024-02-05T18:28:51+00:00

Slik blir du med i Valldal skulekorps!

Musikant

Den som har lyst til å byrje å spele eit korpsinstrument (fløyte, klarinett, saksofon, kornett, horn, bariton, tuba eller trommer) melder seg på som elev i den kommunale kulturskulen. Kulturskulen står for aspirantopplæringa som vert gjeve som enkelttimar etter skuletid, og korpset ordnar med instrument (ikkje trommer). Korpset betalar kulturskulen for aspirantopplæringa.

Aspirantane blir rekna som medlemmar i korpset frå dei tek til i kulturskulen, og korpset melder dei også inn i Norges Musikkorpsforbund. Der vert både aspiranten og instrumentet forsikra. Medlemsavgift til Valldal skulekorps er 1100 kr per år (800 kr for søsken).

Etter eitt år kjem aspirantane inn i korpset. Den individuelle aspirantopplæringa held fram eit år til i tillegg til korpsøving.

Ta gjerne kontakt med Håkon Myklebust på telefon +47 402 14 599 eller e-post post@valldalskulekorps.no om du har spørsmål!

Slik melder du deg på som aspirant i kulturskulen 

Drill

Den som har lyst å byrje å drille kan kome rett på drilløving frå hausten av, og får aspirantopplæring der. Vi deler drilløvingane inn i eit tidspunkt for nybyrjarane og eit tidspunkt for dei vidarekomne. I drilltroppen får ein lære mykje om dans og vere med på øve inn framsyningar til musikk, ofte med eigne kostymer.

Det er fullt mogleg å både vere musikkaspirant og drillaspirant samstundes, då kulturskuletimane er på andre tidspunkt enn korpsøvinga.

Mykje kjekt å vere med på og gle seg til!

Gjennom eit korpsår er det mange kjekke aktivitetar. Aspirantane vert inviterte med på øvingshelger og turar. Første helga i november arrangerer vi marknad, og der er det tradisjon at vi presenterer årets aspirantar. Der får dei sjansen til å vise kva dei har lært både enkeltvis og saman med korpset. Aspirantane vert også inviterte saman med «Korps i skulen» til å spele på julekonserten i Sylte kyrkje i desember. På 17.mai deler vi ut «Aspirantsekkar», og dei som vil kan også vere med å marsjere saman med korpset.

Neste år skal vi arrangere KorpsfestiValldal 19.-21.juni 2020. I 2021 skal vi reise på «lang» tur/stemne innanlands, og både Bø Sommarland og Tusenfryd kan vere kjekke turmål. Året etter reiser vi på eit «kortreist» stemne i nærleiken. Neste utanlandstur blir i 2024.

Engasjerte foreldre og føresette

Vi har ein stor gjeng engasjerte foreldre og føresette. Vi har også knytt til oss frivillige «korpsvener» utanom som hjelper oss når vi treng det.

Det er musikalsk utvikling og speleglede som skal vere vårt fokus. Derfor satsar vi på å arrangere KorpsfestiValldal kvart tredje år. Dette tener vi mykje pengar på som vi kan bruke på korpsdrift i åra fram til neste stemne, og gjer at vi har kutta ut alt av loppemarknadar, påskelotteri, sal av fastelavensris, kransekakelotteri osv. De som foreldre/føresette treng altså ikkje vere redd for stor dugnadsmengde som følgjer med. No er det kun marknad første helga i november og kafedrift på 17.mai som er inntektsbringande arrangement utanom KorpsfestiValldal.

Vi håpar at de og borna dykkar har lyst til å bli med på det utviklande, spennande og gjevande samspelet som eit korps er – på alle måtar.