KorpsfestiValldal2024-02-05T18:24:01+00:00

KorpsfestiValldal

KorpsfestiValldal vert arrangert av Valldal skulekorps kvart tredje år. Dette er eit skulekorpsstemne med deltakarar både frå nært og fjernt.

Konseptet vårt er overnatting på skule/barnehage, klatring og aktivitet i Valldal Aktivitetspark, bading på Tafjord Friluftsbad og konsertar og marsjering i Valldal sentrum.

Det flotte Martin Linge-huset ved Valldal skule er stemnekontor, innandørs konsertarena og arena for matservering, sosialt samvere og underhaldningsprogram.

Velkomen til KorpsfestiValldal juni 2026

I løpet av nokre hektiske dagar skal 500 musikkglade ungar og ungdommar både musisere, bade i Tafjord Friluftsbad og klatre i trea i Valldal Aktivitetspark.