KorpsfestiValldal 2021 er avlyst

KorpsfestiValldal 2021 er avlyst

Då koronapandemien sette ein stoppar for gjennomføring av planlagd stemne i juni i år, valde vi å prøve å utsetje arrangementet eit år. Styret i Valldal skulekorps har no gjort ei ny vurdering, og på grunn av svært usikre utsikter også for 2021 har vi bestemt å avlyse stemnet. Alle som har betalt inn påmeldingsavgift vil få tilbakebetalt denne.
Det kjem heilt sikkert betre tider, og då skal vi vere klare og invitere til stemne og korpsfest att i Valldal!
Vi ynskjer dykk alle eit så godt korpsår som mogleg sjølv om alt ikkje er som det skal.
2020-11-10T18:54:56+00:00