Invitasjon til møte 26/8 – 17:30

Invitasjon til møte for korpsmedlemmar, føresette, dirigent og styret i Valldal skulekorps

Måndag 26.august kl 17.30 i musikkrommet på Valldal skule

 

Styret i korpset søkte i vår Norges Musikkorps Forbund (NMF) om å få vere med i «BORN TO PLAY», eit program som utviklar og byggjer korps innanfrå.  Rett før sommarferien fekk vi vite at vi var vald ut til å få vere med, og det er vi glade for. Det er mykje godt arbeid og øvingstimar som vert gjort for Valldal skulekorps, både av medlemmar, føresette og styre men no har vi sjansen til å bli endå betre – og få det endå betre!

Prosjektet startar opp med eit møte for korpsmedlemmar, føresette og styre på Valldal skule måndag 26.august kl 17.30. Då kjem veiledar Elisabeth Grønningsæter Kristiansen frå NMF for å presentere Born to play-programmet  og korleis vi skal gå fram for å utvikle og byggje Valldal skulekorps innanfrå. Nokre av dykk kjenner kanskje Elisabeth frå før, ho har røtene sine frå Valldal og ho har ofte også stilt opp som altsaksofonist i Valldal Hornmusikklag.

Prosjektet Born to play går over to år og er gratis – men forpliktande – for korpset. Veiledar Elisabeth Grønningsæter Kristiansen vil følgje opp Valldal skulekorps i heile prosjektperioden. Det skal ikkje bli mykje meir arbeid på korpset med dette prosjektet, men vi skal finne ein måte der arbeidet blir betre og meir effektivt.

Håpar at så mange som mogleg kan møte denne kvelden og gjere sitt til at Valldal skulekorps går ei lys framtid i møte!

Helsing styret i Valldal skulekorps

V/leiar Terese Jemtegård Moen

This entry was posted in Ymse. Bookmark the permalink. Both comments and trackbacks are currently closed.
  • Valldal skulekorps på Facebook